2019 03 28 EvangeliesenteretOnsdag 20. Mars innleia Evangeliesenteret møteserien på Sunnmøre på Kjeldsund. Kvelden vart arrangert i lag med Ulsteinvik Bibelsenter, og for ein kveld dette vart!

Gjengen kom køyrande frå Østerbo (nær Halden), og gjekk rett på scena litt forseinka. Lydteknikaren fekk så vidt kontroll på anlegget før Jostein Kirkenes og gjengen klemde i med velkjende songar frå senterboka. Heile salen song med, og det vart ei mektig stemning med eit skjeldent godt nærvær av Den Heilage Ande.

Etter kvart stod 4-5 herlige personar fram og vitna om liv som vart totalendra etter at dei møtte Jesus, og fekk hjelp hjå Evangeliesenteret. Her talte dei frimodig om tida då dei var knuste og nedbrotne av rus, og om forvandlinga som kom då dei fekk hjelp. To av dei som var på møta har våre inn i døden, og den eine av dei låg i likpose og blei klargjort til å sendast på likhuset når Jesus henta han tilbake til livet. Ei jente hadde mista to brør som tok sjølvmord, og ho var fråteken omsorgsretten til sine to søner. No i påska skal ho få ha den eine på overnatting, etter mange år utan å få sjå han. All ære til Jesus!

To av musikarane, Mangor og Albert Aanensen (brør) heldt fantastiske og utfyllande preiker med knallsterk forkynning av evangeliet. Albert fekk ikkje til å telje alle hendene som tok imot fresleinvitasjon og invitasjon om å kome tilbake til Jesus. Vi trur at det var 10 eller 11 stykk, men har ikkje fått tak i alle. Og vi takkar Jesus for at vi fekk ein slik kveld.

I ettertid fortalde fleire av sentergjengen og musikarane at denne kvelden var eit av dei sterkaste møta dei hadde delteke på. Responsen frå salen var heilt fantastisk, og den andelege atmosfæren var med gåsehud faktor. Vi er særs takksame for at Ulsteinvik Bibelsenter og Evangeliesentergjengen la til rette denne kvelden. Møteserien fekk den best tenkelege starten, og mange fekk oppleve himmelens krefter som rørte ved menneske.

2019 03 28 Evangeliesenteret sal